Isbjørnen Bjørnis og dei raude prikkane
Basert på historia av Sofie Cappelen
Varigheit ca. 40 minutt
Passar frå 3 år
På toppen av jorda, i isbjørnparadis, bur den vesle isbjørnen Bjørnis saman med selar, fiskar, ismåkar og snøkrystallar. Men ein dag får Bjørnis vondt i magen og oppdagar raude prikkar i maten sin! Og på nattehimmelen kjem det fleire dansande raude prikkar han aldri har sett før. Etter eit besøk hos sin kloke ven hvalrossen Hvalen Ross, finn Bjørnis ut kor dei raude prikkane kjem frå. Han bestemmer seg for at han må prøve å redde heimen sin, og få ein slutt på dei raude prikkane som øydelegg all maten deira.
«Isbjørnen Bjørnis og de røde prikkene» er ein leiken og visuell framsyning, med bruk av både dukkar, masker og eigenkomponert musikk. Bli med til Svalbard og bli kjent med dyra som lever der!
Av:
Lina Taule Fjørtoft og Haflidi Arnar Haflidason
Regi: Jan Neal Holden
Musikk: Haflidi Arnar Haflidason
Scenografi/figurar/rekvisittar: Jan Neal Holden
Medverkande (2.stk): Lina Taule Fjørtoft, Thomas B. Brandt/
Haflidi Arnar Haflidason, Julie B. Westreng
Støtta av: Bergen kommune, Kulturrådet