SirkusPirkus
Vi dreg inn i sirkusverda og oppdagar alt det spanande og mystiske som kan skje.
Varigheit 1 time * 6
Passar 3 - 6 år
Vi dreg inn i sirkusverda og oppdagar alt det spanande og mystiske som kan skje.
Kva skjer om tigeren rømmer? Eller nasen til klovnen forsvinn? Klarar linedanseren å halde balansen? Vis frem dine beste triks, eller kanskje du oppdagar nokon heilt nye triks du ikkje visste du kunne!
Gjennom enkle teateroppgåver vert vi betre kjent med kvarandre, teaterverda og det å stå på ei scene. Vi utforsker teateret saman og ender opp med ein leken sirkusframsyning.
I startfasen er det fokus på å bli trygg, vi opner opp for refleksjon rundt kva eit sirkus eigentleg er, og kva som finnes der. Etterkvart går vi vidare til å sjølv teste dei ulike rollane vi kjem på, kva for triks dei kan og korleis dei er med hverandre. Vi jobbar med korleis vi kan uttrykke oss med kroppen vår, - stor, liten, tung, lett, høg lav, osv. Her tek vi også inn elementane våre jord, ild, luft og vann og etterlikner desse. Vi jobbar også med å etterlikne ulike dyr. I teater er stemma også viktig- kva for lyder kan vi? Kva for nye lyder kan vi finne på? Vi utvikler små historier saman, og tek i bruk fantasi og improvisasjonsevnane våre.
I sirkus er også kostyme og sminke viktig, vi kler oss ut og ser kva dette gjer med oss.
Gjennom øvelsene vi gjer, vert mye av sirkusframsyninga vår til. Vi reflekterar saman rundt kva vi vil vise frem og lager og øver på framsyninga vår.