Teaterrotta

Bli med bak scena og utforsk teateret frå eit rotteperspektiv saman med Teaterrotta Pernille! 

Teaterrotta_Lina

Alder: 4 - 8 år

Varigheit: 90 min

Ei leiken og kreativ framsyning, der publikum får bli med inn bak scena og utforske teateret frå eit rotteperspektiv saman med Teaterrotta Pernille! 

Teaterrotta Pernille har budd på teateret heile livet sitt, og før ho har familien budd der heilt sidan huset vart bygga. Dei kan alt om huset, og det som har hendt der før teateret flytta inn der. Teaterrottanes oppgåve er å ta vare på teateret, og sørge for at alt går som det skal. Men no vil Pernille noko meir, ho ynskjer å lage teater sjølv. 

Difor sender ho ut invitasjon til barn, i håp om at dei kan kome og laga teater saman med ho. Og når dei endeleg ein dag dukkar opp på teateret, får dei bli med inn i teaterets verd, og sjå kostymar, lyskastarar, rekvisittar, scenografi og alt som høyrer teateret til. Det er berre ein ting som er veldig viktig, ingen på teateret veit at det er teaterrotter der, så dei må ikkje bli oppdaga.

Av og med:

Lina Taule Fjørtoft

Utvikla ved:

Teatret Vårt

Regibistand:

Kristian Lykkeslet Strømskag

Sminke/Kostyme:

Teatret Vårt