Teaterrottene

Bli med teaterrottene på superduperhemmeleg oppdrag!

Varigheit frå 45 minutt

Passar frå 4 år

I kulissane på teatert er det teaterrottene som styrar og ordnar. Dei er dei usynlege hjelparane som syr og lappar kostym og dei som fiksar, vaskar og kostar slik at alt går knirkefritt på scena. No er det nok, meiner Pernille og rottefetter Jeppe. Dei gidd ikkje meir! Dei er lei av å alltid måtte rydde og ordne. Dei bestemmer seg for å snike seg unna - utan at Rottebestemor veit det!

Når dei endeleg er fri frå rottepliktene kjem dei plutseleg over eit publikum å vere saman med. Jeppe og Pernille kan ikkje motstå den store freistinga. Dei må underhalde publikum! Med song, musikk og kanskje til og med litt ramping, tek dei publikum med på eit eventyr utanom det vanlege. Vil Jeppe og Pernille klare å halde seg skjult for teatersjefen og samtidig gje publikum den beste opplevinga nokosinne?

Velkommen til eit superduperhemmeleg møte med Teaterrottene Pernille og Jeppe!

Av Lina Taule Fjørtoft
Musikk av Toivo Fjose
Med Lina Taule Fjørtoft og Toivo Fjose
Regibistand og dramaturgi Kistian Lykkeslet Strømskag
Kostyme og scenografi Teatret Vårt
Produsert ved Teatret Vårt
  Foto: TINGH